Cecilie Lid Hole

Game Over
plater, lakk, papir, og kryssfiner, 86cm diameter
Sted: Kvarteret

Cecilie Lid Hole har etter fleire års opphald med kunstnarisk verksemd tatt opp att penselen seint 2020. Ho har utdanning frå Ålesund kunstfagskole og ein bachelor i kunst og handverk frå Høgskulen i Volda. Ho held no på med master i kunst og handverk ved Universitetet i Sørøst Norge.
Ho har hatt nokre separatutstillingar og deltatt på ulike kollektivutstillingar. 
I verkstaden på Hareid skaper ho fargerike, mixed-media-bilde og skulpturar som er inspirerte av street art og undergrunnskultur. Ho miksar gjerne mange sjangrar og leikar seg med ulike teknikkar. Dei fleste bilda har innslag av ulike papir, garn og lakk. Ofte har desse kunstverka ein nerve eller ein politisk bodskap, men Cecilie ønsker ikkje å gi for mykje info om kva som er tanken bak, slik at verka kan stå opne for tolking.

Mail: holececilie1@gmail.com
IG: @eva_og_cecilie_kunst